kalender - info - utstyr - barn - ungdom - junior - forum - galleri - arkiv - shu - bratt glede - fører - kontakt
Vegplaner i Straumvassbotn tek ny vending
Publisert av Hanne | 05.02.2010 kl 23:23
Nye funn av til dels svært sjeldne lavarter i Straumvassbotn. Funn av arter som Fossenever og Granfiltlav i ospeskogane - skogen her er vurdert til å vere ein av dei mest verdifulle gamle lauvskogane i Nordland fylke (Ingressbilde: Sigve Reiso / Naturarkivet)

På oppdrag frå Statnett har Miljøfaglig utredning ved Geir Gaarder vore i Straumvassbotn og kartlagt mulege sjeldne sopp- og lavarter. Befaringa skjedde på dagtid 19. januar og trass årstida var det nesten snøfritt i Straumvassbotn - dermed forholdsvis gode forhold for å finne lav og sopp som veks på stein og tre (levande eller daude). Geir Gaarder er ein av dei dyktigaste i Norge på kartlegging av desse artsgruppene og han fann smått utrulege 6 raudlistearter denne januarformiddagen:

  • granfiltlav (EN - sterkt trua)
  • Fossenever (VU - sårbar)
  • Ospekvitkjuke (NT - nær trua)
  • Furuplett (NT - nær trua)
  • Skorpepiggsopp (NT - nær trua)
  • Vedalgekølle (NT - nær trua)

 

På kartet under har eg lagt inn både vegplaner, buldreproblem og dei nye sopp- og lavfunna i Straumvassbotn. Koordinatar for lavfunna stammar frå Geir Gaarder.

 

 


 

 

Kva kan dette bety for klatring i Botn?
I forhold til vegen som er planlagt tvers gjennom buldreområdet kan det vere "dårleg" nytt. Sjeldne og truga arter har forholdsvis sterkt vern og blir rekna som nasjonale interesser. Det blir sjølvsagt også sikker straumforsyning - noko som transformatorstasjonen skla sørge for. Temmeleg sikkert vil det føre til ein større prosess enn det Statnett har sett for seg - sannsynlegvis må heile prosjektet konsekvensutgreiast. Det kan fort forsinke det heile eit år - kanskje stoppe heile saka. 

 

For oss som klatrarar kan det bety fleire ting. Vi har fått ein tung "våpenbror" - vi er ikkje lenger dei einaste som blir skadelidande av ny veg i Straumvassbotn. Det kan og bety at Statnett vil prioritere å gjere tilpasningar til dei sjeldne artene og ikkje til klatrarane. La oss håpe ikkje det skjer.

 

 

Uansett om det blir ny veg eller ikkje i Straumvassbotn vil denne ny kunnskapen få følgjer for klatringa i Botn. Vi er ikkje lenger aleine der og vi kan ikkje lenger gjere akkurat som vi vil. Heldigvis har stilen vore nokså skånsom i Botn. Vi har vore flittige med stålbørste på nokon av steinane, men vi har i svært liten grad fjerna tre og kratt. Dette må vi halde fram med og vi bør vere svært forsiktige dersom vi vil børste fram nye buldresteinar. Desse sjeldne lavartane er funne på både stein og på tre. Av treslaga er det rogn og osp som har vore vertstre. Ut frå kartet kan det sjå ut som vi har eit litt lukkeleg samantreff - dei sjeldne artane er stort sett funna utafor dei sentrale buldreområda. For ein som er litt kjent i Botn er dette kanskje ikkje heilt tilfeldig: Skogen er litt meir open og steinane litt større i beltet frå som går gjennom Snussektoren og opp lia. Dette kan ha gjort at lokalklimaet er litt tørrare og dermed vil ikkje desse sjeldne artene trivast like godt. Det er og verdt og hugse på at desse lavartane veks på både levande tre og på ståande og liggande daude tre. På den positive sida kan vi utvide dei sære interessenen våre: Vi buldrar tydlegvis i ein av dei mest spennande sopp- og lavskogane i Nordland. Kanskje ta med seg ein lavflora neste gong og bruke pausene til botanisering? Geir Gaarder meiner sjansa for å finne fleire interessante artar der er stor!

Bildet til høgre og ingressbildet viser den mest sjeldne av artane funne i Straumvassbotn: Granfiltlav (Fuscopannaria ahlneri). Denne arten veks vanlegvis i kystnære, fukitge granskogar, men er i Straumvassbotn funne både på rogn og stein.  

Foto: Sigve Reiso / Naturarkivet
©Sigve Reiso / Naturarkivet

 

 

 

 



» nyheter
» gammelheter
administrasjon | kontaktinformasjon
copyright 2010 © bodø klatreklubb